Furet Værbitt - Visning av episode i frå Etne og Vindafjord med programleiar Arne Hjeltnes og lokale aktørar

Furet Værbitt - Visning av episode i frå Etne og Vindafjord med programleiar Arne Hjeltnes og lokale aktørar

I juni 2023 var det verdsomspennande produksjonsfirmaet Tellus Works på besøk i Vindafjord- og Etne kommune. Med Arne Hjeltnes i spissen dokumenterte dei alt frå kulturminner til det blomstrande næringslivet lokalsamfunnet har å by på.

Dette er sesong to av programmet «People of the North», der då ein av episodane viser alt frå Underbakka i Vikedalsdalen til Hårlandsnepane i Etne. Saman med den celebre svenske kokken Frida Ronge, og den norske sjefsdestillatøren Stig Bareksten, viser han fram mykje av det nærområdet har å by på av blant anna næringsliv og lokalmat.

Filmen er eit samarbeidsprosjekt mellom Fikse Næringsutvikling, Vindafjord Kommune og Etne Kommune. Filmen skal visast i USA, og 140 andre land i over fire kontinent, og vert utan tvil ei flott markedsføring av plassen me bur på.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.