Etnemarknaden er tufta på frivillig dugnadshjelp

Me ynskjer å takke alle dei frivillige som har bidratt på marknaden i alle år. Utan dykk klarar me ikkje å gjennomføre eit gigantisk arrangement som dette. Kvart år har me ca 500 vakter som me treng hjelp til fordelt på tre dager. Me håpar på god hjelp i år og.

Er du 13 år eller eldre har me garantert ei oppgåve du kan hjelpe oss med.

Om du kjem frå Etne, Vindafjord eller andre stader og ynskjer å hjelpe så skal me finne ei passande vakt til deg. Me set utrolig stor pris på alle som vil hjelpe til. Som dugnadshjelp får du følgande:

  • Ei trivelig vakt saman med mange positive kollegaer
  • Gratis adgong til Etnemarknaden den dagen du har vakt
  • Gratis middag

Kontakt oss:
Mail: post@etnemarknaden.no
Telefon:  99013480

Her er ein del oppgåver me treng hjelp til:

Diverse

  • Selje billettar (passer for dei over 18 år)
  • Portvakt, passe på kø og sette på armband (for alle)
  • Parkeringsvakt (passer for alle)
  • Rigg & Rydd: Opp og nedrigging av marknaden. Alt mogleg arbeid under sjølve marknaden
  • Provisorisk elektroarbeid, fordeling av straum til salsboder (passer for dei elektrokyndige)
  • Sjåfør til å hente og bringe artistar og evt anna forefallande hente og bringeoppdrag
  • Varelevering, supplere brus og matvarer til grilltelt, kiosk m.m. (passer for ungdom)
  • Sekreteriat, svare på alle slags spørsmål (passer for dei "servicemindede"
  • Køpassar til barneaktivitetar
  • Billettsal til nokre barneaktivitetar
  • Service til utstillarar

Mat

  • Grillteltet: Servere og selje mat i grillteltet (passer for alle, men fordel å kunne behandle mat)
  • Storsalen på Skakke: Matservering, rydding og oppvask. (passer for alle)
  • Kafe og kiosksal (passer for dei over 16 år)
  • Smøre på mat (passer for matglade personar)
  • Etnir Duggurd - gourmet lunch show på laurdagen. Pynting, servering, rydding, selje billettar (passer for dei pynteglade og dei som elskar god mat)
  • Rydde matområder (passer for alle)
  • Oppvask (passer for alle)
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.