Etnir Duggurd - ein betre lunch i Etne - Gourmetmat frå øvste hylle til folkelege prisar! Etnir Duggurd er eit gorumetmåltid under Etnemarknaden der lokale råvarer og kokkekunnskap står i høgsete. Sjefskokk for 2024 er Erlend Stueland i frå anerkjente "Restaurant Buer" i Odda. Tidligare har blant andre Frode Selvåg, Ørjan Johannessen, Frode Aga og Lise Finchenhagen vore kokkar.
Pris: Nok 390,- for eit hefte med 5 kupongar med valfrie rettar, el 100,- pr rett/kupong. Billett kjøpes ved inngongen til matteltet.
Kokk Erlend Stueland:
Erlend Stueland er i frå Odda i Hardanger. Han har utdanninga si i frå Voss og læretida si i Bergen. Her var han innom Potetkjelleren, Bare Vestland og Bien Basar. Etter ein periode som kokk i Australia, reiste han tilbake til Bergen og begynte jobbe på Bare Restaurant i 2019. Året etter fikk dei Bergen si første Michelin stjerne. Etter to år på "Bare" flytta Erlend heim til Odda for å bli kjøkkensjef på den nye storsatsinga, Buer Restaurant, like under den majestetiske Buerbreen. Her er han no klar for å gå inn i det tredje driftsåret. "Restaurant Buer" har siden oppstarten hausta ei rekke strålende anmeldelser og omtaler, og er som regel fullbooka året rundt. No er altså Erlend klar for å koke under årets Etnir Duggurd, og me gler oss til ein ungdommelig og kreativ meny.
Meny 2024:
Kaldrett:
Ferske Hanasandtomater
Spekeskinke, majones
Hasselnøtter, Karse
Varmrett:
Krema blåskjellsuppe kokt på hardangersider
Grønnsaker i julienne med fersk dill
Braisert storfekjøt, sellerirot
Glace, knust potetchips, persille
Bakt kvit fisk
Eple vinagrette, sylta gulrot
Ertepuré, tørka søl ( tang)
Ertespirer, salta mandler
Potetlompe
Lam/geit kjøtt, reddik spirer
Rømmedressing av Røros rømme og gressløk
Salat, sylta løk
Dessert:
Lokal ost
Chutney
Lokalt Flattbrød
Rømme med melis og sitron
Crumble
Eple
Bringebær pulver
Dessert nr 3 blir kokkens overraskelse
(Me tek atterhald om små endringar i høve til tilgong på råvarer)
Billettar:
* Kjøpes ved inngang til mathallen. Ingen førhandsbestilling av billettar. Mat så lenge det rekker.
A - Messehall og Skakke
B - Utstillarområde
C - Landbruk
D - Mat og konsertområde
E - Eldhugpark
G - Bil og motor
I - Inngong
P1 - Parkering
P2 - Parkering/camping
Med forbehald om endringar.