Etnemarknaden er ein Norges lengstlevande marknadar. Den vert arrangert for 42. gongen i 2024. Me har nærare 150 utstillarar og ca 11.000 besøkande. Landbruk, kunst&handverk, småskalaprodusentar og mange andre produkter er å finna her. I tillegg har me stor matmarknad og ein flott messehall. 3 dagar med handel og masse kjekke aktivitetar for heile familien.
Etnemarknaden bestreber seg på å gi utstillarane eit best mulig opphald. Me kan difor tilby følgande fordelar:
* Gratis inngong pubkveld fredag
* Gratis inngong til marknadsdansen laurdag
* Enkel varmrett torsdag ettermiddag/kveld til rimelig pris (Mellom 16.00-19.00)
* Heimelaga middag til rabattert pris. Er du aleine utstillar, leverer me på standen.
* Gratis kaffe
* Gratis tilgong til sanitær anlegg
* Tilrettelagt bubil og campingområde
* 20 % Rabatt på standleiga ved påmelding innen 15.februar og innbetalt innan bet.frist (Rabatt gjeld ikkje for Rekoring standar som allerede er sterkt rabattert)
* Ingen påmeldingsavgift
Me legg til rette for at produsentar av kunst-og handverk og småskalaprodusentar skal ha muligheten for å stilla ut hos oss. Difor gir me rabatterte prisar for desse i hallen og på uteområdet. For «non profit» handverkarar som ønsker å visa fram handverket sitt under marknaden, stiller me med gratis standplassen. Etnemarknaden handlar om tradisjonar, og me er difor spesielt opptatt av å være ein arena for desse.
PRISAR STAND:
Innestandar, Skakkehallen (Omr A):
3x3m modul: Nok 2990,- (Nok 2000,- pr ekstra modul)
Tillegg for hjørnestand: (Obs. Begrensa plassar - Dei som søker om plass først vert prioritert)
1 hjørna: nok 1190,- (Gjeld størrelsar 3x3m, 3x6m, 3x9m og 3x12m)
2 hjørner: nok 2380,- (Gjeld kun str 3x6m)
Veggstand, Kunst & Handverk, Skakkehallen (Omr A):
Nok 350,- pr meter. Minimumleige 2m. Plassen vert levert med ca 2 meter gulvplass ut i frå veggen, samt mulighet for oppheng
på treplater på bakvegg.
Utestandar:
Minste antal meter/pris: 3m/4070,- 300,- pr overskytande meter
6m standard dybde:
Minste antal meter/pris 6m/6440,- 125,- pr overskytande meter.
Rekoringprodusent inntil 3m - 900, + mva. Nok 200,- pr meter over 3m!
------
Vanlege utestandar:
3m standard dybde
Minste areal/pris 3x3m/2300,-
250,- pr overskytande meter
6m standard dybde
Minste areal/pris 6x6m/4790,-
400,- pr overskytande meter
Utestand - Område C, Landbruk
Minste areal/pris 50m2/6500,- 25,- pr overskytande m2
Utestand, for "non profit" utøvande kunst & handverk (Framsyning, demo og produksjon på staden) Ta kontakt for Gratis standplass!
Andre produkter/tillegg:
Telt: (Inkl. opp- og nerrigg)
3 x 3 m / 2420,-
3 x 6 m / 4290,-
3 x 9 m / 6190,-
3 x 12 m / 6590,-
6 x 6 m / 6590,-
6 x 9 m / 7500,-
6 x 12 m / 8200,-
Straum:
10a 1-fas / 200,-
16a 1-fas / 250,-
16a 3-fas / 570,-
32a 3-fas / 650,-
63a 3-fas / 850,-
Leige av bord:
200,- pr bord. Ca 2,2m lengde (Begrensa antal)
Utstillarcamping:
Plass til Bubil/Campingvogn på utstillarcamp / 600,- (Inkl.straum og tilgong til dusj og wc)
Parkering:
Ekstra køyre/parkeringskort / 50,- (1 kort er inkludert). For parkering på utstillarpark, eller når bil er del av standen.
Ekstra utstillarkort/Id-Band:
125,- pr band (2 band er inkludert i leiga)
Viktig info: Utstillarar må ha med seg alt utstyr sjølve, slikt som stolar, hyller, ekstra belysning, skøyteledning til straum osv. Etnemarknaden ynskjer breidde og kvalitet i vareutvalet, og prøvar å begrensa utstillarar med same vareslag, og har rett til å sortera. Vær nøye på å fylle i skjemaet med riktige opplysningar. Velg rett størrelse på standplass, hugs straum, og ikkje gløym å rekna med draget på salgsvogn, hengar e.l for standplassane står tett i tett! Det er ingen refusjon av standleiga etter at standplassen er bekrefta (unntak ved legeerklæring)
Sjå Utstillarreglar for Etnemarknaden her.