Etnir Duggurd - Gourmetlunch av lokalmat - Årets kokk er Erlend Stueland

Matshow og gourmetlunsj-konsept med lokale råvarer.

Årets kokk er Erlend Stueland frå anerkjente Restaurant Buer i Odda.

Etnir Duggurd - ein betre lunch i Etne - Gourmetmat frå øvste hylle til folkelege prisar!  Etnir Duggurd er eit gorumetmåltid under Etnemarknaden der lokale råvarer og kokkekunnskap står i høgsete. Tidligare har me hatt blant andre Frode Selvåg, Ørjan Johannessen, Frode Aga og Lise Finchenhagen som kokkar. Det vert og musikalske innslag frå scenen ved Torleiv Sydnes på gitar/vokal.

Pris: Nok 390,- for eit hefte med 5 kupongar med valfrie rettar, el 100,- pr rett/kupong. Billett kjøpes ved inngongen til matteltet.

Kokk Erlend Stueland:

Erlend Stueland er i frå Odda i Hardanger. Han har utdanninga si i frå Voss og læretida si i Bergen. Her var han innom Potetkjelleren, Bare Vestland og Bien Basar. Etter ein periode som kokk i Australia, reiste han tilbake til Bergen og begynte jobbe på Bare Restaurant i 2019. Året etter fikk dei Bergen si første Michelin stjerne.  Etter to år på "Bare" flytta Erlend heim til Odda for å bli kjøkkensjef på den nye storsatsinga, Buer Restaurant, like under den majestetiske Buerbreen. Her er han no klar for å gå inn i det tredje driftsåret. "Restaurant Buer" har siden oppstarten hausta ei rekke strålende anmeldelser og omtaler, og er som regel fullbooka året rundt. No er altså Erlend klar for å koke under årets Etnir Duggurd, og me gler oss til ein ungdommelig og kreativ meny.


Meny 2024:


Kaldrett:
Ferske Hanasandtomater
Spekeskinke, majones
Hasselnøtter, Karse

Varmrett:
Krema blåskjellsuppe kokt på hardangersider
Grønnsaker i julienne med fersk dill

Braisert storfekjøt, sellerirot
Glace, knust potetchips, persille

Bakt kvit fisk
Eple vinagrette, sylta gulrot
Ertepuré, tørka søl ( tang)
Ertespirer, salta mandler

Potetlompe
Lam/geit kjøtt, reddik spirer
Rømmedressing av Røros rømme og gressløk
Salat, sylta løk


Dessert:
Lokal ost
Chutney
Lokalt Flattbrød

Rømme med melis og sitron
Crumble
Eple
Bringebær pulver

Dessert nr 3 blir kokkens overraskelse

(Me tek atterhald om små endringar i høve til tilgong på råvarer)

Billettar:

* Kjøpes ved inngang til mathallen. Ingen førhandsbestilling av billettar. Mat så lenge det rekker.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.