Gourmetlunch konseptet Etnir Duggurd på laurdagen under Etnemarknaden har etterkvart blitt eit av dei viktigaste og mest populære innslaga våre. Her har me henta inn ei rekke meisterkokkar som har foredla og servert fantastiske rettar tufta på lokale råvarer og produsentar. Det vert og musikalkse innslag ved trabadur Torleiv Sydnes.
Årets kokk er Erlend Stueland.
Erlend Stueland er i frå Odda i Hardanger. Han har utdanninga si i frå Voss og læretida si i Bergen. Her var han innom Potetkjelleren, Bare Vestland og Bien Basar. Etter ein periode som kokk i Australia, reiste han tilbake til Bergen og begynte jobbe på Bare Restaurant i 2019. Året etter fikk dei Bergen si første Michelin stjerne. Etter to år på "Bare" flytta Erlend heim til Odda for å bli kjøkkensjef på den nye storsatsinga, Buer Restaurant, like under den majestetiske Buerbreen. Her er han no klar for å gå inn i det tredje driftsåret. "Restaurant Buer" har siden oppstarten hausta ei rekke strålende anmeldelser og omtaler, og er som regel fullbooka året rundt. No er altså Erlend klar for å koke i teltet under årets Etnir Duggurd, og me gler oss til ein ungdommelig og kreativ meny.
Meny 2024 vert lagt ut om litt.