Ingen ringare en tidligare minister, Solveif Horne, kjem til årets drøs!
Suksessen "Kveldsdrøs" held fram. Me får møte 4 nye og spanande gjester som garantert har mykje spanande å komma med. Som vanleg er det vert Alf Østrem som held praten i tømmane! (Fred 1.aug kl.19.30 i kinosalen)
Første gjest me offentliggjør er: Solveig Horne!
Solveig Horne er 56 år, er opprinnelig i frå Etne, men flytta ut så langt tilbake som i 1985. Då gjekk turen til Sandnes, og seinare til Sola. Ho er no bosatt på Tysnes, så ho endte i allefall tilbake i Sunnhordaland.
Solveig er gjerne mest kjent som politikar. Ho sat som barne-, likestillings- og inkluderingsminister i Erna Solbergs regjering frå 2013 til 2018. Etter 25 års fartstid i politikken, både i kommunestyre, fylkesting, storting og regjering valgte ho ei anna retning i 2021. Til dagleg er Solveig no daglig leiar i «Takentreprenørenes Forening», som er ein bransjeforening i NHO Byggenæringen. I tillegg driv ho vinimportselskapet Solmimosa og har eit byhus i Provence. Solveig er gift, har to voksne barn, og ei bonusdotter.
Funfacts: Frankofil, svennebrev som butikkslakter, vasker hus når ho skal slappe av, superhost på AirBnB