Me har hanka inn ingen ringare en vår lokale svinebonde og motorkunstnar Gert Eilerås, som årets gjesteutstillar. Gert er oppvaksen i ein kunstnarfamile, der både bestemor Betty og mor Ingeborg har vore ivrige hobbykunstnarar. Denne eksponeringa har altså ført til at Gert no er ein av Noregs mest anerkjente navn innan utsmykking av blant anna motorsyklar.
Gert har hatt ei spanande livsreise. Han har jobba i Austin TEXAS på Hotrod/Motorsykkel custom sjappa «Voodoo Custom Motorcycle Design», som bygde syklar til blant andre skodespelar Mickey Rourke. Han har og i mange år jobba på Tattoo studio med bodypiercing, både i Austin, Texas, og seinare 15 år på Karma Tattovering studio i Haugesund. Og så må me ikkje gløyme hans deltaking i Realityserien, Robinson-ekspedisjonen.
I tillegg har han då altså gjort mykje innan kunst på bil, og motorsykkel lakkering. Dette starta han med på grunn av alle ideane han hadde om utsmykking, og der det endte opp med at han gjorde det sjølv, i staden for å få andre til å gjer det. Gert understreker at klassisk maling aldri har vore hans greie, men at den meire postmoderne kunsten er det han relaterer seg til.
Dei siste åra har kunsten gjerne måtte vike litt plass for barneoppdragelse, gårdsbruk og ei rekke med dyr i alle former, men ein del Harley Davidson syklar er blitt laga, med utsmykking, detaljar og design i verdensklassen. Gert har mottatt ei rekke priser for sine utsmykkingar, og syklane hans er heilt rå.
Med Gert på plass som gjesteutstillar på Etnemarknaden er me overtydde om at motor- og kunstinteresserte vil valfarte til Etne. Me ser heller ikkje vekk i frå at hans deltaking kan føre til fleire artige innslag og besøk i frå Gert sitt store nettverk innan motor. Det er berre å spenne fast sikkerhetsbeltet for kva som kan komme til gards.