Gregor, for mange best kjend som "Lego-Gregor", har med seg ei imponerande forteljing. Han reiste frå Polen til Noreg for å jobbe i 2008. Her starta han som mekanikar på SMV. Det som skulle vere eit tre månadar langt arbeidsopphald vart til sytten år. I dag er han etablert med familie i Etne, jobbar som mekanikar og teknikar ved Spira Utvikling og er ein ekte Etne-patriot!
Det stoppa ikkje der. I 2021 vart han landskjend då han deltok i konkurransen Lego Masters på TV2 kor han imponerte programleiarar og tv-sjåarar stort. I etterkant har han starta eventbedrifta Gregorsky BrickWorld der han held foredrag, deltek på konferansar, arrangerer team-building med meir. Han er også lærar for ei eiga Lego-gruppe i Etne kulturskule.
Kom på Kveldsdrøs for å høyre meir om Gregor si reise, magien ved Lego og kvifor han ønskjer å inspirere vaksne og born til å skape meir!