Møt Ingrid Lauvås, gjest nummer tre under Kveldsdrøs!
Den profilerte advokaten er fødd og oppvaksen i Etne og bur i Haugesund i dag med to born og sambuar. Ho gjennomførte jusstudiet «trass i totalt manglande interesse for skule» i følgje ho sjølv, og har jobba som advokat sidan 2007.
Som trettitoåring vart ho partnar og ho opna eige Elden-kontor i Haugesund i 2021. Ho har eit særleg engasjement for barnerett, noko som har ført henne inn i verv og arbeid både på regionalt og nasjonalt nivå. Mellom anna har ho vore leiar for Advokatforeningen sitt barnevernsutval sidan 2020, har vore i det regjeringsoppnemnde barnevernsutvalet som vurderte rettssikkerheita i norsk barnevern og har delteke i ei rekke debattar og høyringar på Stortinget.
Det sosiale engasjementet stoppar på ingen måte på jobb. På fritida er ho også lokalpolitikar i Haugesund Venstre si bystyregruppe og i utvalet for helse, omsorg og sosialtenester i Haugesund kommune.
Me gler oss til å bli betre kjend med Ingrid Lauvås sitt engasjement på scena. Kor kjem det frå og kva skjedde eigentleg den gongen ho prosederte jurysak i strømpebuksa?
Kom på Kveldsdrøs, fredag 1. august, for å høyre! Billettar kan du kjøpe her!