Henning Årekol kjem til Kveldsdrøsen!

Ny deltakar på plass; Henning Årekol!

Henning Aarekol er gjest nummer to under Kveldsdrøs!

Sjukepleiar, relasjonsterapeut, foredragshaldar, realitydeltakar, syklist, humorist, konferansier og energibunt, denne mannen har mange merkelappar!

Henning Aarekol er 48 år og kjem frå Vikedal. Den enorme energien hans har ført han ut på eventyr som andre berre kan drøyme om. Nokre av eventyra har enda i skikkelege oppturar, medan andre gonger har det gått på trynet. Som evig optimist har han likevel ei eiga evne til å tenkje positivt og snu situasjonane til noko godt. Dette har han gjort til sin leveveg.

Han har vore konferansier på Norway Cup si kulturscene i tretten år og haldt foredrag og undervist for Pøbelprosjektet sidan 2011. Han har reist rundt i Noreg for Verdensdagen for psykisk helse, og haldt rundt 300 foredrag for bedrifter over heile landet.

I 2016 laga Henning foredraget, «Koffor sitte inne når alt håp er ute», som selde til fulle hus fleire stader på Vestlandet. Med det nyaste humorshowet hans, «Menn har også følelser», har scenekarriera til Henning verkeleg tatt av. I utselde show serverer han halsbrekkande analysar og herlege erfaringar som tek publikum med på ei humørfylt reise frå barndom til vaksen mann.

Me gler oss til å få Henning sine betraktningar frå scena under Kveldsdrøs!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.