Etnir Duggurd - ein betre lunch i Etne - Gourmetmat frå øvste hylle til folkelege prisar! Etnir Duggurd er eit gorumetmåltid under Etnemarknaden der lokale råvarer og kokkekunnskap står i høgsete. Sjefskokkar for 2024 vert offentliggjort snart. Tidligare har me hatt hatt blant andre Frode Selvåg, Ørjan Johannessen, Frode Aga og Lise Finchenhagen som kokkar.
Pris: Nok 390,- for eit hefte med 5 kupongar med valfrie rettar, el 100,- pr rett/kupong. Billett kjøpes ved inngongen til matteltet.
Menyen i 2023 var som følger:
- Ungarsk Gulasj med Storfe frå Støle i Etne
- Roastbeef av kortreist hjort, servert med remulade og sprøsteikt lauk
- Kje frå Øvstebø Gard i Etne, laga på Frode vis
- Einebærgrava fjellaure frå Tyssedal, servert med sennepssaus
- Berit`s Mandelpotetsuppe med lokal ramslauk
Dessert:
- Tjukkmelkspudding med eplekompott og puffa bokhvete
- Sjokoladekrem med bringebær frå Etne og knust marengs
- Jordbærcappuccino med ingefær og lime
Billettar:
* kontant eller kort ved inngang til mathallen. Ingen førhandsbestilling av billettar. Mat så lenge det rekker.
A - Messehall og Skakke
B - Utstillarområde
C - Landbruk
D - Mat og konsertområde
E - Eldhugpark
G - Bil og motor
I - Inngong
P1 - Parkering
P2 - Parkering/camping
Med forbehald om endringar.